Ullensvang kommune Røldal oppvekssenter

50% stilling som merkantil ved Røldal oppvekstsenter

Vår stødige merkantil skal pensjonere seg og me treng ny merkantil til Røldal Oppvekstsenter frå hausten 2024 (men ynskjeleg med overlapping så snart det lar seg gjere).

Røldal oppvekstsenter er ei samnemning for Røldal barnehage og  Røldal skule; ein kombinert barne- og ungdomsskule. Barnehagen har 16 born på ei avdeling fordelt på 2 grupper. Skulen har 46 elevar frå 1.-10. klasse, og 10-12 born nyttar SFO-tilbodet ved skulen. Både barnehage og skule er lokalisert til sentrum av fjellbygda Røldal. 

Røldal er kjent for sine flotte fjell, vakre natur og store snømengder. Oppvekstsenteret har tett nærleik til flotte skogar og turområder, og nærmiljøet vert mykje brukt til turar og leik. 

Me treng ein merkantil som er fleksibel. Du må kunne noko data og til dels vere sjølvstendig i det å finne ut av utfordringar som oppstår. Ein del av oppgåvene går på bestillingar, mottak og attestering, økonomi, fakturering, arbeid med elevdokumentasjon, diverse HMS dokumentering og rutinearbeid. Hovudsystema våre er Google og Visma. Du må vere open for å bli brukt som vikar i barnehage, SFO og skule.


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant kompetanse som merkantil er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Kompetanse med kombinasjon av merkantil og høgare kompetanse innan arbeid med barn er ein fordel. 


Personlege eigenskapar:

  • Evne til å sjå gode løysingar, organisere og skape struktur.

  • Sjå kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet.

  • Evne til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert. 

  • Visa initiativ.

  • Evne til god kommunikasjon med kollegaer og heimane.

  • Fleksibel, spontan og kreativ.

  • Godt humør og positiv innstilling - bør trivast med ein hektisk arbeidskvardag.

  • Evne til å vera til stades. 

  • Ein viss kunnskap og interesse for data er ein fordel.


Me kan tilby:

  • Trivelege kollegaer og elevar i eit oversiktleg og fint miljø.

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Spennande arbeidsoppgåver og utviklingsmoglegheit

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Me ser fram til å høyre frå deg! Søknadsfrist: 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.05.2024

Arbeidsstad:

Røldal

Kontaktpersonar:

Tove Samland

mob: +47 90559187

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: