Ullensvang kommune Hestavoll barnehage

2 stillingar à 100% som pedagogisk leiar / barnehagelærar ved Hestavoll barnehage

Hestavoll barnehage har ledig to faste stillingar som pedagogisk leiar/ barnehagelærar i 100 % frå 05.08.2024.

Hos oss får du høve til å vere ein trygg og spanande voksen for barn tidlig i livet. Barn som gjennom erfaringar, inntrykk, gode relasjoner og leik vil påverke framtida vår.

Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kollegaer. Vi legg vekt på å byggja gode relasjonar og fremje eit inkluderande læringsmiljø. 

Barnehagen har 3 avdelinger fordelt på 60 plasser. Hestavoll barnehage held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Barnehagen har eit internasjonalt miljø, noko vi opplever som ein stor rikdom i kvardagen. Vi har gjennom ei årrekke lagt vekt på musikk, drama, kultur og kreativitet i det pedagogiske arbeidet, og samarbeider med kulturarenaer og verksemder i nærmiljøet. Hestavoll har inkluderande og godt arbeidsmiljø som rommar variasjon i alder og erfaring, med brei språkleg kompetanse og kulturforståing. Vi legg vekt på å nytta ressursane, interessene og styrkane vi representerer inn i samspela og aktivitetane vi utfører saman med barna. 

Vi er stolte av å ha utarbeida ein språkplan der målet er å sikra eit systematisk og målretta språkmiljø i barnehagen for alle. 

Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og voksne er glade for å nytta gjennom året. 

Ullensvang kommune si nettside: Ledig jobb for to:

Lyst å flytte til Odda: Arne Hjeltnes presenterer noko av det Odda og Ullensvang har å by på

 

Håper du blir motivert til å søke stilling som barnehagelærer/ pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage. 

 

Arbeidsoppgaver:

  • Ansvar for å skape ein god og trygg kvardag for barna.

  • Leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

  • Leia, planleggja, gjennomføra og vurdera det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

  • Medverka til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å gjere kvarandre gode.

  • Rettleia og støtta det øvrige personalet i det pedagogiske arbeidet.

  • Aktiv deltaking i leik og aktivitetar saman med barna.

  • Fokusere på «barnets beste» i arbeidet i barnehagen

  • Å vera med på å utvikle det pedagogiske tilbudet i barnehagen og dele kunnskap om barns læring og utvikling.

  • Systematisk og målretta arbeid i tråd med barnehagens styringsdokument

 

Kvalifikasjonar:

  • Bestått og godkjent barnehagelærerutdanning.

  • Gode norsk kunnskaper, både skriftlig og munnleg minimum B2.

  • Engasjement for barns oppvekst som bidreg med positive haldning.

  • Trygg, varm og omsorgsfull pedagog som er relasjonsorientert i møte med barna.

  • Løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkast i rolla må ein kunna kommunisera med mennesker med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar.

  • Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding.

 

Personlege eigenskaper:

  • Autoritativ; varm og tydeleg voksenstil.

  • Løysningsorientert, fleksibel med evne til å arbeide strukturert. 

  • Godt humør og positiv innstilling.

  • Er samarbeidsvillig og jobber like godt sjølvstendig som i team.

  • Fokus på kvalitet i tenesta og er villig til å yte “det lille ekstra” for å sikra god kvalitet.

  • Instrumental kompetanse er ynskjeleg.

  • Har god helse og trives i ein hektisk kvardag.

 

Vi tilbyr:

  • Eit interessant og godt arbeidsmiljø som legg vekt på inkludering, samarbeid og å gjere kvarandre gode.

  • Løn etter tariff og gode pensjonsordninger.

  • Auka tillegg for pedagogisk leiar. 

  • Rekrutteringsavtale til barnehagelærere.

  • Høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.

  • IA avtale (inkluderande arbeidsliv).




Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.05.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Kari Aalvik

mob: +47 975 58 693

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: