Ullensvang kommune Opedal skule

100% vikariat som lærar ved Opedal skule

Opedal skule: 

Opedal skule er ein 1.-7. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 118 elevar og 21 tilsette. Me ligg fint til i bygda Lofthus, i nær tilknyting til både fjell og fjord. 

Skulen arbeider systematisk med verdiar. Verdiane er utarbeidd i eit samarbeid mellom tilsette, foreldre og elevane våre. Verdiarbeidet skal omfatta all aktivitet ved skulen, både det psykososiale miljøet og læringsaktiviteten. 

Det pedagogiske arbeidet til skulen er knytt til Læringssirkelen. Alle tilsette får opplæring i dette arbeidet. 

Skulen har fokus på implementering av ny læreplan, og utviklingsområdet vårt det komande skuleåret er eit godt psykososialt miljø med vekt på livsmeistring. 

 

Ledige stillingar for skuleåret 2024-25: 

- Undervisningsstilling- 100% vikariat frå 01.08.2024 

 

Kvalifikasjonar 

godkjent undervisningskompetanse 

helst kontaktlærarerfaring 

Personlege eigenskapar 

er ein god klasseleiar 

har god relasjonskompetanse 

har god formidlingsevne 

samarbeider godt i lærande fellesskap 

er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål 

er løysingsorientert og fleksibel 

 

Me tilbyr 

eit godt arbeidsmiljø 

eit godt pedagogisk utviklingsmiljø 

løn etter avtaleverk 

hjelp til å finna bustad

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.05.2024

Arbeidsstad:

Lofthus

Kontaktpersonar:

Helga Opedal

mob: +47 95237206

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: