100% stilling som spesialpedagog ved Rabben barnehage
Ledig stilling som spesialpedagog - i 100% stilling i Rabben barnehage
Stillinga er ledig frå 1. august 2024
Ved intern tilsetting vil det bli ledig stilling som pedagogisk leiar.
Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 70 barn/102 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår!
Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og områder som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår.
Hovudarbeidsoppgaver for stilling:
Ansvar for planlegging og utøving av spesialpedagogisk hjelp til førskulebarn
Utarbeida individuell utviklingsplan og årsrapport
Rettleiing av foreldre og tilsette i barnehagen
Samarbeida med andre faginstansar og delta i ansvarsgrupper
Bidra til god kvalitet i det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen gjennom tidleg innsats, kompetansedeling og rettleiing.
Samarbeid og deltakelse i nettverk med dei andre spesialpedagogane i kommunen
Kompetanse:
● Barnehagelærar med 30 stp i spesialpedagogikk
Dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar vil midlertidig dispensasjon til utdanningskravet verta vurdert jf. Lov om barnehage.
God norsk evne og kunnskap, minimum nivå B2
Spesialpedagogstillingane i Ullensvang kommune er organisert direkte inn i barnehagane, og barnehagestyrar er spesialpedagogene sin leiar.
Personlege eigenskapar:
Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna
Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
Evne til å fylja opp mål som er sett og implementera dei i aktivitetar for og med barna
Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna
Evne til å arbeida sjølvstendig
Evne til å samarbeida
God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding
Evne til å arbeida målretta og strukturert
Løysningsorientert
Godt humør og positiv innstilling
Evne til å vera tilstades og ha fokus på kvalitet i tenesta
Krav:
Politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
08.05.2024
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Kristin Opedal
mob: +47 90257329
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda