Ullensvang kommune Odda barneskule

2 stillingar à 100% som lærar ved Odda barneskole

2x 100% fast stilling - med oppstart 01.08.2024 eller etter avtale  

Odda barneskole er ein barneskule, 1.- 7. trinn, med 350 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO- team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO- leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i ein mindre delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar.  

 

Arbeidsoppgåvene kan innebera: 

  • undervisning i klassegruppe  
  • undervisning med enkeltelev eller lita gruppe  
  • samarbeid med lærarar på team  
  • samarbeid med assistentar og miljøterapeutar  
  • kontaktlærarfunksjon  

 

Ynskte kvalifikasjonar:  

  • Skriftleg og munnleg norskkunnskap  
  • godkjend lærarutdanning  
  • det vil vera ein fordel om du har kompetanse i blant anna desse faga: norsk, matematikk, engelsk, musikk, kunst og handverk og spes.ped.  
  • søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert  

 

Vi ser etter deg som:  

  • likar å arbeida med barn og unge  
  • er sjølvstendig  
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse 
  • likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar  

 

Vi tilbyr:  

  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge 
  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer  
  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo  
  • Lønn etter hovudtariffavtalen  

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.05.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Erlend Nævdal Bolstad

mob: +47 90182875

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: