Ullensvang kommune Aga barnehage

100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar ved Aga barnehage

Ullensvang kommune har ledig 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Aga barnehage frå 09.08.24 - 09.08.25 

Aga barnehage held til i det gamle skulebygget på Syreflot (byggjefeltet på Aga). Vi har stort uteområde og tilgang på eigen gymsal. Barnehagen har 2 avdelingar med 30 plassar. Vi nyttar nærmiljøet mykje, t.d. Idrettsanlegget Skotamyra, Agatunet. 

Vi søkjer deg som har evne til å sjå kvart barn og skapa gode relasjonar med barna og vaksne. Du har evne til å reflektera, gjera vurderingar og arbeida sjølvstendig. Du er løysningsorientert, positiv og bidrar til beste i fellesskapet for Aga barnehage. 

Vår visjon er: Ein god start saman! 

 

Hovudarbeidsoppgåver og medansvar for 

● Barna sin trivsel og utvikling 

● Godt samarbeid med barna, foreldra, personale 

● Systematisk og målretta arbeid og oppfølging for enkeltbarn og barnegrupper ● Pedagogisk utvikling i barnehagen 

● At barnehagen er ein lærande organisasjon 

 

Kvalifikasjonar 

● Kompetanse som barne- og ungdomsarbeidar, andre kan og verta vurdert i stillinga. Krav: 

● Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon 

● Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd 

● Godkjent tuberkulinstatus 

 

Vi kan tilby: 

● Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø 

● Eit godt arbeidsmiljø med vekt på inkluderande læringsmiljø, samarbeid og kompetanse.

● Løn etter tariff

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Kveld

Søknadsfrist:

05.05.2024

Arbeidsstad:

Aga

Kontaktpersonar:

Randi Reisæter Rød

mob: +47 971 98 278

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: