Ullensvang kommune Skare barneskule

50% vikariat som fagarbeidar ved Skare skule, SFO

Ledig vikariat som fagarbeidar i skulen og på SFO i Skare 

- stillingsstorleik omlag 50 %

- skuleåret 2024/2025, kan byrja i ein mindre stillingsprosent, etter avtale, frå dags dato

 

Har du lyst på ein stilling der du får gjere ein forskjell for våre kjekke born og tilsette? Er du positivt innstilt, glad i å hjelpe andre og har i tillegg gode kommunikasjonsevner? Då ynskjer me deg velkommen til skulen i Skare!

 

Skulen ligg fint til i byggefeltet, med skog på alle kantar. I Skare har me eit godt samarbeid med lokale lag og organisasjonar, og samstundes eit fantastisk ute- og nærområde som vert nytta i skulekvardagen. Her er omlag 40 elevar frå 1. - 7. klasse og 8 tilsette, inkludert SFO. Me har ulike aldersblanda aktivitar gjennom året, noko som gjev oss eit godt samhald, trygge elevar og stolte tilsette.

 

Arbeidsoppgåver:

  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen

  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel

  • planleggje aktivitetar og vera aktiv med borna i leik 

  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning

  • erfaring frå arbeid med barn og unge

 

Me ser etter deg som:

  • likar å arbeida med barn og unge

  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar

  • er sjølvstendig og fleksibel

  • har gode samarbeidsevner

  • er robust, raus, omsorgsfull og tolmodig

  • er løysningsorientert og initiativrik

Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga. 

Stillinga kan, om mogleg, kombinerast med andre stillingar på skulen eller i barnehagen.

 

Me tilbyr:

  • Meiningsfylte dagar i møte med elevane våre

  • Varierte arbeidsoppgåver i skulen og på SFO

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.05.2024

Arbeidsstad:

Skare

Kontaktpersonar:

Britha Sandal

mob: +47 46947121

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: