Ullensvang kommune Broto

100% stilling som vernepleiar /miljøterapeut ved Tenester for funksjonshemma, Kinsarvik

100% fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut. Døgn/langvakter med arbeid kvar 4.helg ved Tenesta for funksjonshemma, avd. Kinsarvik 


Om oss: 

Broto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne menneske med nedsatt funksjonsevne med ulike bistandsbehov. Stillinga me lyser ut no er knytta til eit 2:1 tiltak i eigen tilrettelagt bustad. 

Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet, og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader. Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe i team med faglege utfordringar. Me yter tenester til personer med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande. 


Hovudarbeidsoppgåver: 

Bistå brukerane slik at dei opplever ein meiningsfull  kvardag med meistring og utvikling 

Målretta miljøarbeid 

Legemiddelhandtering 

Veiledning av kollegaer og tenestemottagarar 

Samarbeid med pårørande 

Utarbeide og følge opp interne rutiner i samarbeid 

med leiar 

Være aktiv ifht. å styrke fagmiljøet i tenesta

 

Me arbeider aktivt med å førebyggje utfordrande åtferd. For å oppnå størst mogleg sjølvstende for brukarane vektlegges strukturerte dagsplanar og arbeidsoppgåver. Det kreves difor at du er strukturert og klarar å arbeide etter fastsatte rutiner. 

Arbeidsdagen kan vere av ein slik karakter at det kan opplevast fysisk og psykisk utfordrande. 


Kvalifikasjoner: 

Me søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevant høgskule/universitets-utdanning er velkomne til å søkje og vert vurderte.Arbeidet er av ein slik art at det er avgjerande at du er personleg skikka og dette vert vurdert høgt. 

Du har erfaring frå målretta miljøarbeid og liker å vere i fysisk aktivitet. 

Gode digitale ferdigheiter 

Du må meistre norsk skriftleg og munnleg og har gode kommunikasjons-eigenskapar 

Førerkort klasse B er ønskelig 

Vitnemål og attesteter må lastes opp som vedlegg til søknad 


Personlege egenskaper: 

Du må vere personleg eigna til stillinga 

Glad i rutinearbeid 

Forståelse for det faglige miljøarbeidet, og ha bruker i fokus Du er løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og er fleksibel til endringar

Du har ei positiv tilnærming, tek ansvar, og er ein engasjert bidragsytar til arbeidsmiljøet 

Gode kommunikasjonsferdigheter 

Du liker å være i fysisk aktivitet 


Me tilbyr: 

Turnus basert på langvakter og døgnvakter med arbeid kvar 4. helg 

For vernepleiar/ sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn. 

Ein spennande og lærerik jobb i eit godt arbeidsmiljø Opplæring og rettleiing 

Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer 

Lønn etter hovudtariffavtalen 

Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen 

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår. Det arbeides med ytterligare rekrutteringstilskot for vernepleiarar innan 

Tenester for funksjonshemma. 

Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting. 

 

Kontaktpersonar for stillinga: Verksemdsleiar Harald Molven, Tenesta for funksjonshemma Ullensvang kommune Telefon: 97436662 

E.post: harald.molven@ullensvang.kommune.no

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

14.12.2025

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Therese Bakke

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 90408273

Adresse:

Kaldhagen 2 5780 KINSARVIK

Kart: