Ullensvang kommune Jondal skule

100% stilling som miljørettleiar ved Jondal skule og SFO

Ledig 100% fast stilling som miljørettleiar ved Jondal skule og SFO, fom 01.08.24

 

Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 138 elevar, og ca 30 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått fleire nybygg.

Me jobbar for tida med utviklingsarbeid saman med UH-sektoren og Hardanger-Voss kompetanseregion. Dette arbeidet går over to år, og tema er djupnelæring. 

Me søkjer etter miljørettleiar for småsteget og SFO. Arbeidet er knytt til tett oppfølging av enkeltbarn, i samarbeid med skule og heim.

 

Kvalifikasjonar:

  • godkjent utdanning som vernepleiar, eller annan relevant høgskuleutdanning for arbeid i skule og SFO.

  • relevant erfaring frå skule, SFO, eventuelt barnehage.

  • erfaring med, og interesse for arbeid med enkeltbarn som treng tett oppfølging.

  • har eller kan ta livredningsprøve for basseng.

  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Personlege eigenskapar:

  • har god relasjonskompetanse.

  • har god formidlingsevne .

  • samarbeidar godt i lærande fellesskap.

  • er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.

  • er løysingsorientert og fleksibel.

 

Me tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø.

  • eit godt pedagogisk utviklingsmiljø.

  • lønn etter avtaleverk.

  • hjelp til å finna bustad.

  • varierte arbeidsoppgåver.

  • spennande arbeid.

  • lønn etter hovudtariffavtalen.

  • gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Krav:

  • politiattest

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.05.2024

Arbeidsstad:

Jondal

Kontaktpersonar:

Sarah Marie Røstbø

mob: +47 95122615

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: