Ullensvang kommune Fysio- og ergoterapiteneste

100% avtaleheimel for fysioterapeut ved Ergo og fysioterapitenesten

100% avtaleheimel for fysioterapeut

 

Ullensvang kommune har ledig 100% avtaleheimel knytt til avdeling ved Helsehuset i Odda. Avtaleheimelen er ein del av helse- og omsorgstenesta i Ullensvang kommune, og er regulert av den til ei kvar tid gjeldande ASA 4313. Fysioterapeuten skal bidra i utviklinga av fysioterapitenesta i kommunen i tråd med gjeldande lovverk, planar og utfordringar i kommunen sine helse- og omsorgstenester. 

Heimelen er ledig frå 01.04.2024.

 

Arbeidsoppgåver 

  • Drifte eit aktivt fysioterapitilbod til innbyggjarane i kommunen.

  • Allmenn fysioterapi. 

  • Utøve pasientbehandling på institutt og, om naudsynt, i heimen.

  • Aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientane. 

  • Individuell behandling og gruppetrening. 

  • Tett samarbeid med resten av kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. 

  • Praksis skal utøvast i nært samarbeid med fysioterapeutar i kommunen, ut frå gjeldande kommunale føringar, målgrupper, behandlingstilbod, fordeling av pasientar m.m. Kommunen sine prioriteringsnøklar og venteliste skal nyttast.

 

Kvalifikasjonar 

  • Offentleg godkjent fysioterapeut med norsk autorisasjon.

  • Ynskje om brei og relevant fagleg kompetanse, og klinisk erfaring innan allmenn fysioterapi. 

  • Minimum 5 års arbeidserfaring som fysioterapeut. 

  • Evne til å driva sjølvstendig næringsdrivande fysioterapipraksis. Fordel med erfaring frå privat praksis. 

  • Fordel med erfaring og kjennskap til kommunale fysioterapitenester, og samhandling med øvrige kommunale tenester.  

  • God kjennskap til IKT-verktøy og elektronisk samhandling. 

  • God kjennskap til ASA 4313 og Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale, og innhaldet i desse.

  • Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg.

  • Førarkort klasse B.

  • Politiattest vert kravd før tilsetjing, jmf. Lov om helsepersonell § 20 a.

 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

  • Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med tenesteytarar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.  

  • God rolleforståing mtp å vere ein del av kommunen si helse- og omsorgsteneste. 

  • Sjølvstendig, fleksibel og strukturert.

  • Systematisk, ryddig og påliteleg i drift av avtaleheimelen.

  • Det er forventa at fysioterapeuten bidreg til å driva utviklingsarbeid i tenesta, og ha interesse for framtidsretta tenesteyting. 

  • Engasjement for å skape og forme ein god praksis.

  • Det er forventa at du yter kunnskapsbasert fysioterapi, og held deg fagleg oppdatert gjennom jamlege kurs og kompetanseheving.

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tildeling av avtaleheimel. 

 

Anna

  • Ullensvang kommune stiller krav om bruk av journalsystemet Physica, eller det til ei kvar tid gjeldande journalsystem som vert nytta i kommunen.

  • Tildeling og overdragelse av avtaleheimel skjer etter vilkår som går fram av ASA 4313. 

  • Praksis skal til ei kvar tid drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, ASA 4313, Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale og kommunen sitt planverk for helsetenester.

 

Velkomen som søkjar! 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

10.03.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Maren Espedal Miille

mob: +47 473 61 915

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: