Ullensvang kommune Teknikk og miljø

Verksemdsleiar ved Vatn og avløp

Er du vår nye verksemdsleiar for avdeling vatn og avløp?

Eining for vatn og avløp har ansvar for drift, vedlikehald, beredskap og utvikling av kommunens anlegg for vatn, spillvatn og overvatn. Vatn og avløp er ein eining med 16 tilsette, kor avdelingsingeniør og fagansvarleg og dei andre tilsette utfører pågåande drift og vedlikehald, og bidreg til vidare utvikling.
Fleire prosjekt og utredningar går føre seg, og eininga er i stor utvikling. Som verksemdsleiar vil du ha høve til å påverka dette arbeidet.
Me ser etter deg som kan leia og utvikla verksemda i takt med behovet og samfunnsutviklinga, samstundes som du sørgjer for god tryggleik og beredskap knytt til kritisk infrastruktur. Du tenkjer heilskapeleg, er oppteken av utvikling og har gode leiareigenskapar.
Du vil få en viktig rolla i utviklinga av Ullensvang kommune og ei sentral rolle innanfor eit samfunnskritisk fagområde. Du vil jobba i et sterkt fagmiljø, med dyktige og hyggjelege kollegaer.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for strategisk utvikling og planlegging av verksemda med fag og personalleiing
  • Ansvar for å sikra optimal drift og resultatoppnåing
  • Bistå prosjektavdelinga i mindre investeringsprosjekt innanfor fagfeltet
  • Ansvar for HMS-arbeid
  • Syta for god samhandling både internt og eksternt
  • Ansvar for budsjett og økonomioppfylging.
  • Del av leiarteamet i sektoren, teknikk og miljø
  • Verksemdsleiar rapporterar til kommunalsjef
  • Andre oppgåver kan tildelast ved behov
  • Ansvar for å rekruttera relevant kompetanse til avdelinga
  • Arbeide for å opprettholde eit godt arbeidsmiljø

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Relevant leiarerfaring m/ relasjonsleiing
  • Relevant høgare utdanning ( bachelor eller master) innan ingeniørfag, beredskap eller infrastruktur. Anna utdanning eller erfaring kan verta vurdert i særskilte høver.

I tillegg er det ønskjeleg med:

  • Kunnskap og erfaring frå drift- og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegg
  • Kunnskap og erfaring med tryggleik og beredskap knytt til infrastruktur
  • Erfaring frå utviklingsarbeid
  • Erfaring med HMS-arbeid
  • God kunnskap om økonomioppfølging
  • God teknisk forståing
  • Førarkort klasse B
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Ynskjeleg med juridisk kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Personleg eignaheit vert vektlagt. For å lykkast i denne leiarstillinga, bør du kjenna deg att i fleire av desse eigenskapane:
  • Inkluderande og støttande
  • Gode samarbeidsevner og tek initiativ
  • Strukturert, analytisk og nøyaktig
  • Tydeleg og drivande
  • Handtera periodar med stort arbeidstrykk
  • Engasjert og godt humør

Me tilbyr:

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Dyktige kollegaer
  • Høve til personleg utvikling og kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Løn etter avtale


For nærare opplysningar om stillinga, kontakt:  Torstein Backer-Owe, rådgjevar VA, tlf 97558601

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.02.2023

Arbeidsstad:

Ullensvang kommune

Kontaktpersonar:

Randi Karin Habbestad

mob: +47 95037035

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: